Doctorfluene presentert av Håvard Eide
Tekst: Håvard Eide
Doctor fluene har ein tradisjon som strekker seg over 150 år tilbake i tid, fra dei gamle britiske klassikarane på krok til det siste innan flash-fluer på tube.
Det finst mangen Doctor variantar: blue, silver, black, white etc. For kvar Doctor variant finst det forskjellege oppskrifter avhengig av kva slags forfattar du slår opp på: Francis Francis, J.H. Hale, Thomas Pryce-Tannatt, George Kelson etc. har alle små forskjellar på det som i utgangspunktet er det samme mønsteret.
I tillegg har variantane blitt adaptert til våtfluer (Mustad, Gresvig), sjøørretfluer, tørrfluer, små laksefluer på dobbeltkrok og tubefluer i eit uttal størrelsar og material-kombinasjonar sidan midten av 1800-tallet. Basis-uttrykket derimot har vore der heile tida, så ein kan ofte kjenne igjen ein Doctor når du ser den, uavhengig av kven som har laga den eller materialet den er laga med.
– Tag: Silver twist, yellow silk
– Tail: Golden Pheasant topping, Chatterer
– Butt: Scarlet Berlin wool
– Body: Black silk
– Rib: Oval silver
– Hackle: Blue from second turn
– Throat: Blue Jay
– Wing: Golden Pheasant tippet in strands. Pintail, dark mottled Turkey, blue and yellow Swan, Red Macaw, Guinea, Golden Pheasant tail
– Roof: Mallard
– Topping: Golden Pheasant topping
– Horn: Blue Macaw
– Cheeks: Chatterer
– Head: Scarlet Berlin wool
Dei gamle oppskriftene ser eg på som eit utgangspunkt for å binde klassiske fluer på moderne krok for å aktivt fiske med. Bytt ut med det du har tilgjengleg og vær kreativ i utførelsen:
* Bruk and, gås, svane eller kalkun for å få farge i vingen
* Bruk forskjellege fargar kalkun for å få mikse inn mørke sjateringar
* Gift vingene eller bruk «mixed-wings». Kva er uttrykket og bevegligheta du er ute etter for flua bestemmer kva type vinge du lagar. Mindre kan ofte være betre en meir: display-fluene du ser er ikkje typisk representativt for fiske-fluer
* Bruk isfugl eller blå fjær som substitutt for chatterer
* Topping treng ikkje være 100%: tenk på korleis den vil sjå ut i elva
* Og har du ikkje fjær: bind dei på tuber med hår og hackle!
Dette er fluer eg lagar for å ta vare på det kulturhistoriske handverket det er å lage dei, men og fordi dei fangar: desse er med i boksen kvar gang eg går i elva!

Portrettfoto av Håvard Eide: Tore Litleré Rydgren


Foto av Doctorfluer: Håvard Eide